
Å passa på kyrne sine
Abonner på nyhetsbrevet Europaportalen
Ein stad på grensa mellom Nederland og Belgia ligg ein småby med det litt pussige namnet Koewacht.
Ein kunne vel ha kalla staden Kuvakt på norsk. Det er litt artig i seg sjølv, men på nederlandsk ber namnet også med seg ein konnotasjon til ordtaket «ieder moet zijn koeien wachten», alle må passa på kyrne sine. Les: Du må skjøtta dine eigne oppgåver.
Grensa mellom dei to landa går rett gjennom Koewacht. Berre nokre meter frå grensa ligg det eit lite bakeri. I mange år har bakaren – han heiter visst Otto – levert brød til kundar i både Nederland og Belgia. Og strengt teke er det ikkje mange stader at ei landegrense er meir diffus enn nett i Koewacht. Ho går midt i den vesle gata Nieuwsstraat, før ho bøyer av og følgjer sidegata Tragel, rett bak nokre parkeringsplassar.
Du må liksom vita at ho er der, grensa, for at du i det heile skal leggja merke til henne.
Men 18. mars 2020 vart ho stengt. Otto sine kundar i Nederland kunne ikkje lenger spasera til den lokale bakaren sin for å kjøpa brød. Istadenfor måtte dei ringja med ei bjelle som vart hengt opp på eit gjerde, og så fekk dei levert brødmaten sin over den stengte grensa mellom dei to nabolanda.
Det absurde
Det er ei absurd lita forteljing frå koronatida. Det er også byrjinga på den belgiske statsvitaren Hendrik Vos si bok Dit is Europa: de Geschiedenis van een unie (Europa: forteljinga om ein union). Det er eit beint fram fornøyeleg verk om EU si historie, fortalt på ein gripande og lettlest måte, med anekdoter og med eit blikk for enkeltmenneska som spela sentrale roller i dette store prosjektet.
Eg skulle ynskja boka fantest på norsk, for ho kunne ha opplyst mange heimlege debattar, men så langt eg veit finst ho berre på nederlandsk. I det ligg det kanskje i seg sjølv ein lærdom om eitt av det felleseuropeiske Europa sine største problem. Eg skal koma attende til det.
Fyrst vil eg peika på ein av mange påminningar ein kan få av å lesa Vos si bok: sjølv om nokre pionerar tidleg drøymde om europeisk fellesskap, var det noko som tok mange tiår å skapa. Rett nok fann til dømes nederlandske, belgiske og luxembourgiske politikarar saman om idéen Benelux i krigsåras London, men også etter andre verdskrigen var grensa mellom Nederland og Belgia langt mindre diffus enn idag.
I etterkrigstida vart faktisk smør smugla i stor skala frå Nederland til nabolandet. Det byrja mest romantisk: med folk som fylte ryggsekkar og tok seg over grensa til fots i nattemørket. Men etterkvart utvikla det seg til organisert kriminalitet i Al Capone-stil, som Vos skriv. Det er ei historie om ville biljaktar, om smuglarar som brukte fotanglar for å setja tollarane sine bilar ut av spel, medan tollarar jamvel skaut mot smørsmuglarane sine køryretøy. Perioden frå midt på 1950-talet og fram til 1963 vert jamvel omtala som «smørkrigen».
På bakteppet låg landbrukspolitikken i båe land. Den fantest det sjølvsagt gode argument for. Alle må passa på kyrne sine. Ei av årsakene til prisskilnaden var nederlandske landbrukssubsidiar. Belgiske tollarar hadde på si side ei viktig oppgåve: dei skulle beskytta belgiske bønder frå urettvis konkurranse.
Smørkrigen tok fyrst slutt med meir felles landbrukspolitikk. Dei belgiske importavgiftene vart avskaffa, og også belgiske bønder fekk subsidiar.
I dag er det nok få i dei belgisk-nederlandske grensetraktene som drøymer om å venda attende til smørsmuglingas tidsalder. Det heile høyrest eigentleg like absurd ut som forteljinga om den stakkars bakaren i Koewacht. Men det er jo ei historie som er verdt å dvela ved, når det vert spela opp nasjonalistiske tonar og når tollkrigar vert peikt på som sunne løysingar.
Her er mitt fyrste poeng: Fellesskap fungerer. Også i Europa.
Utfordringa
Men eg skriv ikkje denne teksten berre for å preika til meinigheita. Den europeiske fellesskapen har sjølvsagt mange problem, og det er problem europavenar må ta på alvor.
Eitt av dei er at me vel har felleseuropeiske løysingar, men at den felleseuropeiske opinionen er svak, i blant beint fram vond å få auge på. Ei av årsakene til det er sjølvsagt at Europa er eit mangfoldig kontinent, der det vert snakka og skrive på ei rekkje ulike språk. Ein får ikkje lese Hendrik Vos si glitrande bok utan å lesa nederlandsk.
EU har ein fragmentert offentlegheit, og det som finst av felleseuropeisk opinion er ofte ganske eliteprega. Slik kan EU framstå som noko ganske fjernt noko, som høyrer til i ein slags ghetto av glas, metall og lobbyverksemd i Brussel sitt europakvarter. Eg gissar på at det er slik i Koewacht også.
I dette ligg ei kjempeutfordring på tvers av unionen.
Likevel er det få stader problemet er større enn her heime. Lat oss vera ærlege: på svært mange måtar fungerer Noreg allereie som eit EU-land. På område etter område er me ein del av den europeiske fellesskapen. Og han fungerer for oss også, trass både manglar og skavankar, og trass i den demokratiske utanforskapen me som EØS-land lir under.
Samstundes er me i endå mindre grad enn nabolanda våre – om ein ser vekk frå Russland, sjølvsagt – ein del av felleseuropeisk opinion. Det er fleire grunnar til det. Ein av dei er at norsk utanriksjournalistikk er notorisk vestvendt, basert på engelskspråklege kjelder og fokusert på USA, og i noko mon på Storbritannia. Ein annan er at dekninga av europeisk politikk i blant er forvrengt og ofte er forsinka. Forvrengt fordi me istadenfor å diskutera konkret europeisk politikk ofte ender opp med å diskutera eit norsk «ja» eller «nei», forsinka fordi viktige saker fyrst blir diskutert i Noreg årevis etter at dei er diskutert og avgjort i EU, ein lei biverknad av EØS-avtalen.
Norsk kraftdebatt kan tjena som eit døme. Me er påkopla ein felleseuropeisk kraftmarknad. Me er i betydeleg grad fråkopla europeisk kraftdebatt. Slik ender me i Noreg opp med å diskutera ein gjeng byråkratar i Ljubljana, ACER, istadenfor å diskutera vesentlege og felleseuropeiske utfordringar og problem.
Eg har sjølvsagt ikkje noko fasit på korleis me skal møta dette. Nokre tankar har eg likevel. Den fyrste er at me faktisk må passa på kyrne våre. Norske media burde sjølvsagt styrka dekninga av europastoff, både av unionen og av enkeltland. Me som er europavenar må på vår side verta flinkare til å ta europeiske debattar heim, og det utan å alltid redusera dei til ein del av norsk EU-debatt.
Støtt Retning EU og del gjerne videre hvis du mener flere burde lese dette.
