
Å tru på debatt – EU-motstanden på venstresida
Abonner på nyhetsbrevet Europaportalen
Av Svein Erik Tusstad
EU-tilhengarane bør prøve å forstå EU-motstanden på den norske venstresida betre. Arroganse verkar mot sin hensikt.
Elles i Europa er det ytre høgre og Trump-allierte som er mot EU – venstresida er i hovudsak for. Tankegangen til europeiske venstreparti er at EU er godt for miljø- og klima-politikken, som motkraft mot sterke kapitalkrefter og som forsvarar av ein regelstyrt verdsorden.
For eit par år sidan vart til dømes den ruvande danske politikaren Margrete Auken spurt om motstanden mot EU på venstresida i EU. Den inngåande kjennskapen hennar til EU kom frå mange års arbeid i EU-parlamentet for SF, søsterpartiet til SV. Då journalisten konfronterte Auken med eit lesarinnlegg frå Ingrid Fiskaa (SV) om at venstresida i Europa i hovudsak var skeptisk til EU og marknadsliberalismen som er der, verka det som om Auken hadde vanskar med å forstå at Fiskaa faktisk meinte dette. Auken såg først ut som eit stort spørjeteikn. For henne vart det heile snudd på hovudet, ho svara:
– Er det riktig? Det er jo helt tvert om! I Europa er det mer og mer tydelig at EU-motstanden tilhører de ekstreme høyrekreftene. Si meg, følger hun ikke med? (ABC-nyheter, 03.03. 2024)
På grunn av selskapet norsk venstreside hamner i, kan det freiste å opptre arrogant for gode EU-tilhengjarar. Men då stoppar den givande meiningsbrytninga opp. Det er betre å vere open og finne ut kva EU-motstanden består av. Spring ikkje EU-motstandarane på venstresida sine argument ut av nokre rimelege premiss? Og kan dei møtast med gode argument?
Nasjonalstat og demokrati
Å ville bevare folkestyre og nasjonal kontroll er kjernen i EU-motstanden på venstresida. «Det er langt til Oslo, og det er endå lenger til Brussel», var det vidgjetne nei-slagordet frå tidlegare EU-kamp. Det held seg godt som slagord for det uttrykker noko viktig om demokratiet. Folkestyre betyr jo at avstanden mellom veljarane og dei folkevalde ikkje kan bli for stor. Då vil trua på at vi aktivt kan påverke, forsvinne. Det neste nivået då vert utbreidd framandgjering, det motsette av folkestyre. Om du ikkje trur din stemme og di meining vil bli høyrt jamvel når du allierer deg med meiningsfeller, blir drivfjæra i demokrati sett ut av spel.
At Noreg er eit lite land og ikkje vil ha noko å seie når Tyskland, Spania, Italia og alle dei andre store landa entrar banen, er ein variant av den same tankegangen – vi vert ein sporv i tranedans. For venstresida gjeld dette ikkje minst i arbeidslivet og den økonomiske politikken. I EU er konkurransereglane heilage. Mange på venstresida fryktar difor at EU betyr å forskyve makt frå arbeidarklassen og arbeidstakarane til kapitalen.
Venstresida kontra høgrepopulismen
No kan det høyrest ut som eg meiner grunnane venstresida har mot EU, er så gode at vi alle bør kjempe for å stå utanfor. Men sjølv meiner eg venstresida tar feil. Så mitt ærend her er eit anna, nemleg at dei verdiane som ligg bak mykje av motstanden på venstresida, er det lett å dele – eg sjølv deler verdiane som ligg under haldninga.
For ei tid sidan las eg opp att ein tekst av den tyske sosiologen og filosofen Jürgen Habermas, no 96-år, framleis vital. Han er vår tids store politiske tenkjar, vil eg påstå. Habermas minte lesaren på at det er veldig store skilnader i grunnane til at ytre høgre er mot EU samanlikna med den motstanden deler av venstresida hadde. Medan høgrepopulistane ikkje ønsker noko solidarisk fellesskap med utanforståande fordi dei vil slå ring om si eiga etniske og kulturelle gruppe, var venstresida redd for å miste rettar som var kjempa fram innanfor den demokratiske nasjonalstaten. Venstresida var lett å forstå. Dessutan peika han på at vi må forstå at demokratiet på europeisk nivå aldri vil ha ein like sterk kjenslemessig tilknyting som i nasjonalstatane. Difor er den europeiske superstaten slett ikkje noko mål. Nasjonalstaten og EU er både – og. EU kan ruste nasjonalstaten for større oppgåver enn kva som er mogleg utan forpliktande samarbeid.
Å tru på debatt
Ved å erkjenne at verdiane som ligg under store deler av EU-motstanden til venstresida har mykje for seg, er grunnlaget lagt for ein meiningsfull og opplysande debatt. Då kan EU-tilhengjaren på venstresida spørje: «Ja, folkestyret vårt er umisseleg. Men vert det verkeleg svekt om vi tar del i dei demokratiske prosessane innanfor EU? Vi vil jo ha «våre» nære representantar i parlamentet slik danske SF hadde Margrete Auken. Kan ikkje desse faktisk arbeide for våre saker? Og kan ikkje våre ministrar også gjere det på EU-møta?»
Og når det gjeld frykta for meir nyliberalisme og svekka rettar i arbeidslivet: Kan ikkje EU-tilhengjarar på venstresida spørje: «Men er det ikkje litt motsett også, då? At når vi har ein open økonomi som vår, jamfør EØS, så må vi jo også delta i den politiske reguleringa på tvers av landegrensene? Og er det ikkje slik at vi treng EU for å regulere teknogigantane eller få ein klimapolitikk som faktisk verkar?»
Saka er: Fordi mange sterke meiningsmotstandarar i dag faktisk deler ein felles verdistandard, bør vi kunne ha eit godt håp om å nærme oss kvarandre i debatten.
Så det er berre å komme i gang.
Støtt Retning EU og del gjerne videre hvis du mener flere burde lese dette.

Spontant svar frå Iver Ørstavik
Jeg tror det stikker ulike demokratisyn under her. Det ene tar utgangspunkt i folket, det andre i sakene man ønsker å styre med. Første versjon tenker at folkestyre fremmes i den grad et gitt identitetsfelleskap (Nordmenn, Bergensere, Nordnesboer?) får styre over seg selv og fremme sine felles interesser uavhengig av andre. Her står neisiden, hovedsakelig? Andre versjon tenker at folkestyre fremmes i den grad de som har interesser i saken (forsvar mot supermakter, regulering av boligbygging, ansvar for å kjøre opp skiløyper?) og blir berørt av styringsalternativene er inkludert på likverdig vis i beslutningsprosessene. Her står jasiden, hovedsakelig? I begge tilfeller støter man på probelemet at identitetsfellesskaper som regel er langt snevrere enn fellesskapet av alle dem som berøres av beslutningene?
Der trur eg du er inne på noe, Iver. Det eg meiner er undervurdert er at politiske rammer/fellesskap også SKAPER nye fellesskap. Og at dei kan vere «tynne». T.d. fylke og kommune. Det trengst eit sterkare tjukkare nasjonalstatleg fellesskap (som kan vere ein demokratisk skapt identitet og ikkje etnisk kulturell naturlegvis) men det viktige er at i EU klarer vi oss fint med ein tynnare «fylkesidentitet»-type i staden for ein veldig sterk ein
Ja. Problemer oppstår når beslutninger man i utgangspunktet er lojal overfor basert på den tynne identiteten slår inn med hva folk oppfatter som truende for den tykke identiteten? Og dette er ikke egentlig et spørsmål om ideologisk overbevisning, men om opplevd trygghet? Derfor hjelper det på den overnasjonale solidariteten når man er truet utenfra, f.eks. av «muslimer» eller av «Russland»?
0242qd