Meir skeptiske enn populistane  

Meir skeptiske enn populistane  

📩 Abonner på nyhetsbrevet Europaportalen

👉 Bli medlem i Retning EU

Kor like er høgrepopulistane og venstrepartia i Skandinavia i synet på EU?

Eg har tatt for meg programma og den uttalte EU-politikken til dei høgrepopulistiske partia i Skandinavia i tillegg til partia til venstre for sosialdemokratiet. 

Korleis er haldningane i Noreg samanlikna med i Sverige og Danmark? Og er det sant at venstrepartia er vanskelege å skilje frå høgrepopulistane?

Eit skjema frå Habermas

Den store tyske tenkjaren Jürgen Habermas (1929–2026) åtvara mot teknokratiske lokketonar i EU og argumenterte for meir internt demokrati i unionen. I The Lure of Technocracy (2015) presenterte han eit skjema for å beskrive dei ulike haldningane til EU presist. Han skilde mellom to grunnleggjande dimensjonar i EU-synet, først om nasjonalstaten treng forpliktande samarbeid og så synet på marknadsregulering. 

Ut frå dette følgjer det først to typar skeptisk politikk som ser på EU-samarbeidet som trugande for demokratiet i nasjonalstaten: Ein marknadsvennleg proteksjonisme (1) og så ein venstrepopulistisk posisjon som vi ha regulering innanfor ei nasjonalstatleg ramme (2). Dei to motsvarande posisjonane som ønsker EU-samarbeid er først ein marknadsliberal EU-politikk (3) og så til sist, både utstrekt EU-samarbeid og regulering: Demokratisk integrasjon (4).

Partia: Venstrepartia eg har sett på er SV og Raudt i Noreg, Venstrepartiet i Sverige og SF og Enhetslista i Danmark – forutan Miljøpartiet i Noreg og Sverige og Alternativet i Danmark. Høgrepopulistane er Sverigedemokraterna, Dansk Folkeparti og Frp (Frp er eit meir moderat høgrepopulistisk parti).

Samarbeidspartia

Ei gruppe parti er EU-vennlege og klårt innanfor det Habermas omtalar som demokratisk integrasjon (4). Dette gjeld dei tre miljøpartia i Danmark, Sverige og Noreg. I tillegg plasserer SF i Danmark seg her:   

SF er et EU-engageret parti med en stærk grøn, solidarisk og international profil. Fælles løsninger i EU er vores bedste og mest effektive svar, når Europa udfordres af klimaforandringer, flygtningestrømme, skattefusk, social dumping og fattigdom. SF’s EU-politik vægter et grønt og solidarisk Europa! (SF: EU-politik)

Så har det skjedd noko interessant med dei to partia ytst til venstre i det danske og svenske parlamentet. For også Venstrepartiet og Enhetslista viser i EU-politikken sin klårt til kva dei vil oppnå i EU. Rett nok er begge desse partia også tydelege i kritikken av eit EU som dei meiner er for marknadsliberale. Desse partia ligg i mellom ein venstrepopulistisk posisjon (2) og den samarbeidsorienterte politiske (4) – nærast den siste, kanskje.

Marknadsliberal høgrepopulisme

Dei tre skandinaviske partia i den høgrepopulistiske partifamilien har klåre fellestrekk. Dei vil setje inn fleire skrankar for EU og flytte meir makt heim frå EU og tilbake til dei nasjonale parlamenta. EU bør slankast og marknaden er det sentrale. Like fullt ser desse partia verdien av EU som handelsblokk og erkjenner at det då følgjer somme forpliktingar. For Sverigedemokraterna er ikkje medlemsskapsdiskusjon eit aktuelt tema. Dansk Folkeparti erklærer seg som motstandar av EU, men slår samstundes fast: 

Dansk Folkeparti er derfor tilhænger af et indre marked, der gavner dansk erhvervsliv og dermed beskæftigelsen i Danmark. Men EU’s version af det indre marked blander sig i dag i alt for meget så som udlændinge og socialpolitik. (DK: Vi skal selv bestemme).

Dette liknar også haldninga til Frp, som vil ha ein EØS-avtale, men ikkje eit EU-medlemsskap.  

Særtilfella SV og Raudt

To parti skil seg ut ved å vere klåre motstandarar av så å seie alt EU står for, og det gjeld norske SV og Raudt. Jo meir EU gjer, jo meir vert demokratiet svekt, er tankegangen. I tillegg er synet på den økonomiske politikken som er i EU, at denne fører til meir marknadsliberalisme, forråar arbeidslivet og svekkjer moglegheitene for å nå venstresida sine mål. Som det heiter i SVs EU-politikk:

EU er ikke et samarbeid mellom likeverdige stater, men en overstatlig økonomisk og politisk union, der stadig mer makt flyttes til overstatlige organ utenfor demokratisk kontroll. (SV: EU, EØS, EFTA og europeisk samarbeid)

Desse to partia har ei venstrepopulistisk fortolking av korleis EU verker på nasjonalstaten (posisjon 2 hos Habermas).

Ein mørkare tone

Når SV og Raudt er meir anti-EU enn høgrepopulistane, og dei er også på ein ganske annan stad enn eigne søsterparti, kvifor er det slik? Det kan skuldast at Noreg jo i motsetnad til Danmark og Sverige står utanfor EU. Ein nærliggjande tanke er at sjølve utanforskapet gjer at ein vanskelegare får eit blikk for verdien av EU-prosjektet. I neste omgang svekker det samarbeidsviljen.

SV og Raudt har gjennomgåande ein annan, mørkare tone i omtalen av EU-prosjektet enn dei andre partia. Det er ikkje mange lyspunkt å skimte, og dei to partia går jamvel lenger enn slik høgrepopulistane i dag omtaler EU. 

Det er eit tankekors. 

Av Svein Tuastad

×