Tryggleik i praksis – ikkje berre på papiret
Det er rett at EU ikkje er ein forsvarsallianse. Men å redusere EU til ein uviktig aktør i tryggingspolitikken er feil. EU har i alle år hatt et forsvarspolitisk engasjment, og sidan Russlands fullskala invasjon i 2022 har EU trappa opp det militære samarbeidet kraftig, koordinert våpenstøtta, innført harde sanksjonar og bygd opp beredskapsmekanismar – alt tett i samarbeid med NATO og USA. At Finland og Sverige gjekk inn i NATO er ikkje eit uttrykk for kritikk av EU, men eit teikn på at tryggleik må byggjast i fleire spor. Her er EU no ein stadig viktigare pilar.
EU er ikkje handlingslamma, men handlekraftig
Å påstå at EU er «handlingslamma» fordi medlemslanda har ulike syn, vitnar om urealistiske forventningar til ein union med 27 land. Likevel klarte EU å vedta 13 sanksjonspakkar mot Russland, mobilisere milliardar i støtte til Ukraina og starte ein historisk utvidingsprosess. Ja, von der Leyen må balansere, men alternativet er å overlate Europas framtid til stormakter – noko både Noreg og EU prøver å unngå.
Mangelen på medlemskap er mangel på påverknad
Aarsæther hevdar at Noreg blir «rekna med» både i Washington og Brussel. Å bli rekna med er ikkje det same som å få vere med og bestemme. I realiteten har vi null stemmer i Kommisjonen, Parlamentet, Ministerrådet og Det europeiske råd – der avgjerdene blir tekne. Avgjerder vi likevel må følgje gjennom EØS-avtalen. Vi må i stor grad følgje EUs regelverk – om det gjeld energipolitikk, digitalisering eller klimamål – utan å kunne stemme over innhaldet.
Vi er ikkje uerstattelege
Aarsæther skriv at EU-landa er langt meir avhengige av våre eksportprodukt enn vi er av varer fra EU. Kanskje det. Gassen vår er viktig for dei slik situasjonen er i dag medan den delen av salet deira som går til Norge, eit par prosent av den samla eksporten, betyr kanskje ikke all verda.
Men det er ein lite interessant diskusjon. Vi er uansett avhengige av EU fordi dei har marknaden der vi sel kring 70 prosent av det vi eksporterer.
Ei sak som tydeleg viste at vi ikkje klarte oss åleine, var då vi skulle ha tak i medisinar ender pandemien. Dei var vanskelig å få fat i. Senterpartiet ville at vi skulle gå til Russland og Storbritannia for å få tak i medisinar derifrå (dei britiske medisinane blei forøvrig seinare forbodne i Noreg på grunn av skadeverknader). Regjering valde heldigvis å ikke høyra på Senterpartiet og heller snakke med svenske helsemyndigheter. Det lukkast og vi fekk del i deira kvote innafor EU. Vi sikra oss såleis  tilgang på medisinar av høg kvalitet. Nå er Senterpartiet på gang igjen: denne gongen vil dei vi skal stå utanfor den nye helseunionen til EU.
Ikkje kommentariatet som gjer at fleire no vil til EU
Éin av tre seier i dag ja til EU, og andelen er aukande. Det skjer ikkje fordi folk er forførte av «kommentariatet» slik Årsether seier, men fordi røyndomen har endra seg. Folk ser ei verd i rask endring – og spør: Kva tener Noreg best på i lengda? Eit fullt medlemskap, der vi er med og bestemmer – eller dagens situasjon, der vi får reglane som skal gjelda tilsendt på e-post?