Odelsjenta vil ha EU-medlemskap. Odelsgutten seier nei.
Odelsjenta Ekmann meiner at EU-medlemskap kan føre til stabil og føreseieleg økonomi.
– Eg vil drive med overskot og bidra til verdiskaping i lokalsamfunnet. Det er viktig for meg som framtidig gardbrukar at vi dei økonomiske rammene er føreseielege.
Ho held fram:
– Eg og mange i min generasjon er ikkje interesserte i å drive gard på dugnad lenger. Eg vil drive ei bedrift med overskot.
Ekmann meiner det årleg jordbruksoppgjeret ikkje er godt nok.
– EU har i det minste landbrukspolitikk som går over fleire år, og sender tydelege signal om at dei i større grad legg vekt på klimautfordringar, dyrevelferd og sjølvforsyning i den sikkerheitspolitiske situasjonen vi står i.
Les heile saka på NRK: Begge skal ta over gard: Rivande ueinige om EU – NRK Norge – Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet