
Tankar etter ein tur i potetåkeren
📩 Abonner på nyhetsbrevet Europaportalen
Øyvind Strømmen:
Tankar etter ein tur i potetåkeren
Laurdag nådde eg endeleg å ta opp dei siste potetene. Eg har somla, for vêret har vore dårleg. Men snart er alle potetene i hus.
Etterpå – medan sola varma opp haustlandskapet i regnvåte Samnanger – gjekk eg inn, og last eg avsluttinga i den nederlandske journalisten Caroline de Gruyter si bok Zondagskinderen: Europeanen, oorlogen en vrede (Søndagsborn: europearar, krig og fred).
Eg har for så vidt ein del innvendingar mot denne boka. Det grunnleggjande premisset i boka er likevel interessant, og – vil eg hevda – viktig.
Søndagsborna er oss
Lat meg verta tydeleg: Søndagsborna i tittelen er ho sjølv, deg og meg, generasjonar av europearar som har vakse opp i den fredelegaste tidsalderen kontinentet vårt nokon gong har kjent. Til dels er denne freden eit resultat av den europeiske unionen sin suksess, av eit vellukka europeisk samarbeidsprosjekt som har lagt til rette for fred.
Samstundes har suksessen avfødd naivitet. I boka intervjuer De Gruyter blant andre den tyske historikaren Kiran Klaus Patel om nettopp dette. «Me har vore naive, og somme er det framleis,» seier han. «Men det kjem ikkje av suksessen gjennom heile den europeiske samlinga, berre av suksessen i den siste fasen: tida etter den kalde krigen, etter at Muren fall i 1989».
I det europeiske samarbeidet sine fyrste tiår gjekk integrasjonen hand i hand med ei enorm troppeoppbygging på kontinentet. «Me gløymer av og til kor enormt opprusta me var under den kalde krigen», seier Patel. «Væpna til tennene.» Bakteppet var sjølvsagt nettopp den kalde krigen.
Men så vende historia. Kommunistregima i aust fall. Framtida såg lys ut. Me hadde andre ting å bruka pengar på enn forsvar. Me satsa på velferd og stabilitet. Tryggleiken vår vart i betydeleg grad ivareteken av Amerika, og viktige avgjersler vart dermed også teke i Washington, og ikkje i europeiske hovudstader.
Å vera budd på å verna
Det eigentlege nynorskordet for beredskap er vernebuing, og det er eit langt betre ord. Det handlar om å vera budd på å verna. Og for å seia det rett ut: sjølv om det finst unntak, var ikkje Europa lenger budd, ikkje som heilskap. Det har skjedd ei endring dei siste åra. Den skjedde ikkje etter at Russland hersa med tidlegare sovjetstatar på nittitalet. Den skjedde ikkje etter krigen i Georgia i 2008. Den skjedde ikkje etter at Russland invaderte og annekterte Krym-halvøya i 2014, og ikkje med den russiskdrivne «borgarkrigen» aust i Ukraina i åra som fulgte. Den skjedde berre etter at Russland gjekk til fullskala åtak på Ukraina. Og ein kan også lett argumentera for at vernebuinga stadig går for seint. Historia har vendt igjen. Eller som de Gruyter seier det: «Med krigen i Ukraina steig Europa inn i historia igjen».
Nullsumskapitalismen
I boka si avslutting peiker De Gruyter på utviklinga i verda rundt oss. Her låner ho eit omgrep frå den franske historikaren Arnaud Orain og hans bok Le monde confisqué. Essai sur le capitalisme de la finitude (Den konfiskerte verda. Essay om nullsumskapitalismen), som kom ut i fjor.
Orain skil mellom den liberale kapitalismen – kapitalismen slik me kjenner han – historisk sett har veksla med ein annan form for kapitalisme, nullsumskapitalismen. Den liberale kapitalismen har, i det minste i teorien, plass til alle. Han er regelstyrt. Nullsumskapitalismen er derimot prega av at både nasjonalstatar og private selskap strevar etter monopolmakt, over eigedom, over ressursar, over havområde, over menneske, og så vidare, for slik å kunna henta ut inntekter gjennom verksemd som ikkje er underlagt nokon fri marknad. Orain meiner at me er på full veg inn i ein slik kapitalisme, inn i ei verd der multilaterale handelsavtaler forsvinn, der dei sterkaste tek seg til rette gjennom tvang og valdsbruk og der selskap blir statens lange arm i imperialistiske eventyr.
Denne kapitalismen ser på verda på som eit nullsumspel: er det noko du ikkje får, er det noko andre som tek det.
Lat meg leggja til: den liberale kapitalismen har sine manglar, men han går godt saman med det liberale demokratiet. Det gjer ikkje nullsumskapitalismen.
Kanskje er både Orain og De Gruyter vel sveipande i sine konklusjonar. Men ein kjem vanskeleg unna at dei har nokre poeng. Ein kjem vanskeleg unna nullsumstenkninga når ein skal analysera Putins imperialisme, og ho er lett få auge på også i Trump sin politikk. Som den amerikanske journalisten Damien Cave har påpeika har Trump sin politikk ofte peikt attende til den tidsalderen den sitjande amerikanske presidenten beundrar mest: det imperialistiske 1800-talet.
Og det stoggar ikkje der: variantar av denne tenkninga gjer seg gjeldande i nasjonalistiske parti Europa over. Og ho dukkar også opp i Noreg.
Eit lauv på verdshavet
For eit lite land som vårt gjev ei verd prega av ein slik nullsumskapitalisme likevel dystre utsikter. Trass rikdomen vår er me berre eit lite lauv på verdshavet.
Det i seg sjølv burde vera eit heilt openbert argument for å søkja tettare fellesskap med dei landa me har mest til felles med, geografisk, kulturelt og verdimessig. Det er ikkje USA. Det er dei andre nordiske landa. Det er Tyskland, Frankrike og Benelux. Det er også Storbritannia.
Når verda endrar seg, må politikken endra seg. Me må styrka Forsvaret. Me må styrka vernebuinga. Me må styrka banda til våre europeiske allierte. Det vil gjera oss betre rusta i ei meir usikker verd. Det vil også gjera oss betre rusta til å handtera andre utfordringar me står framfor, inklusive konsekvensane av klimaendringar menneskeheita framleis kan bremsa og dempa, men som no er uunngåelege.
Eg innser sjølvsagt at dette ikkje er ein lystig bodskap. Nokre vil kanskje til og med tenkja at eg er råka av vonlause. Slik er det ikkje. Det har blitt kjempa harde kampar for det liberale demokratiet før, og det har vunne. Nullsumskapitalismen er mørk, men han er ikkje uslåeleg. Men me treng engasjement: om du ikkje alt er medlem i eit politisk parti, meld deg inn. Gjennom demokrati kan me snu uro til håp, og pessimisme til framtidstru.
Og om ikkje anna: sett poteter. Vernebuing handlar også om eigenberedskap. Og du? Me må ta vare på landbruksjorda.
Øyvind Strømmen er utdanna som journalist og religionsvitar, og lokal folkevald for Miljøpartiet Dei Grøne i Samnanger.
